Innlegg

Viser innlegg fra april, 2017

Glimt

Lyset av deg der du står på ei steinblokk i opninga av den tusen år gamle grotta er tankane eg tenker på når eg stundom kjenner at blodet frys medan dei døyande og sørgjande eiketrea ser rett gjennom meg, og tida er fast og tida er gamal

Undo

life is a peculiar thing people tend to walk through, not in it shameless or shameful maybe both life can't be undone a constant reminder of death if life can't be undone can love?

Vite

Søv i tru Vaknar i tvil Står opp i tvil Legg oss i håp Søv i tru Empirien veit litt Månen veit alt

Men, du

kjenner lukta av eit men i åndedraga blant dei grå ansikta i menneskemylderet er alle eit taust men alltid eit men eg vil ikkje vere eit men eg berre vil.

sjølvmedvitets forbanning

vert forfølgd av monsteret ein sjølv har skapa

Overgang

ruinane ved elvedjupet står sta oppeten av elde, lengtar etter framtid lenge etter treverket er rote vekk vitnar om forfall, kollaps og død tid vårfrostelva skjelver illsint nedover veks og buldrar over historia, vaskar levningane reine, slipar kunnskapen glatt, renskar mose og grev ut mørtel lengt fortid notid lengt framtid

Drittdikt

Dikta mine er dritt Fantasilaust månepiss Kvalmt Pompøst faenskap Lær meg! Hjelp meg! Grøss.

Månen

Dagen er slør. Kvelden innser alt. Natta er trygg. Natta er draum. Lovnad. Morgonen håpar. Lovnad. Morgonen dreper. Lyset blendar. Mørket blindar. Månen veit.

Fyrtårnet

Det er i fyrtårnet du skal bu Der skal du stå støtt og lyse oss gjennom sundet ut til nye hav
skyggen dveler lyset veit.      

Kvardag

Klatrar barbeint i trea under soltoppane Klyv lettskodd i fjella under istappane Fell tonn med tømmer i nådeløs skog Ligg på saga under nådetidene Kløyver tømmer i nådetidene Stablar frisk ved i oppovertidene Raserar vedskjul i nådetidene Ligg under stokkane i undertidene Søkk ned i mold i dødetidene Stablar Rasar Hoppar Rasar Stablar  Rasar Klatrar Klatrar 

Våren er vår

Våren er vår Einsemda er vår Vår er einsemd Vår er lovnad Vår er sorg Sorgen er vår Våren har voksesmerter Trengjer seg fram Føder nytt liv, ny død Fuglane syng sine einsame elegiar Vinterhåpet smeltar med snøen Våren er naken Vår er død Vår er kretsløp Våren er vår
ei stripe av salt draum renn nedover ansiktet eg tok inn til mitt

Spor

Dei gamle pusta inn skam i kvite korridorar pusta inn tomme augenblink trakka opp spor langs sørgjepostane på det grå nedslitte linoleumsgolvet I dei same romma Dei nye opnar seg i den raumåla veggen er framleis raud med fråvær av motiv Dei gamle døydde, vakna og døydde Dei var kvikksand bak lukka dører i dei same romma Dei nye no stig inn i Døyr Vaknar Døyr Vaknar ...