Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2017

Heime

Er heime no Der ute Er ankra no Der ute Er varm no Der ute Glir på trygg botn Der ute Det finst mange univers Berre eit er heime Heime er ikkje her. Det er der ute.

Vent

Øvst i huset i eit avlåst kott ein blå fugl sit og ventar Innkapsla. Innfalda. 

Blått makrokosmos

er du havet skal eg kaste meg uti søkkje ned til botnen sveve vektlaust med djupvassfisken i eit blått makrokosmos symje i pusten i salt mørke stupe ned i det blå rommet til eg druknar.

Dine trådar

Tullar meg ofte inn i eit blått, mjukt pledd du vov til meg ein gong. Gøymer meg i dei varme trådane når pusten stoppar opp. Det er slakt og fillete no. Men den vakre veven eg omkransar meg med er dine trådar. Dei slitnar aldri.

Innkapsling

ein av desse dagane skal vi falde ut historia bade i sølv eige kvart blikk ein av desse dagane er våre augenblinken skal kapslast inn og vi skal sitje stille gå rakt

Laphroaig

Bilde
eimen av Laphroaig og sur tobakk i den blå timen uroa breier seg utover sofagruppa skal eg ta ein til kanskje vert dagen enno utsett kanskje er den omme ved morgongry

Den Andre

du går stadig med eit ynskje om å vere Den Andre den søtlege kjensla av håpet om eit framandt kyss under nyleg utsprungne eiketre Du går stadig rundt med eit ynskje om  Den Andre, at eit foster som veks inne i deg skal trengje fram i nye vårar